Fana Sparebank vil bidra med 8 millionar til mogleg ny padelhall på Nore Neset | Fana Sparebank
8 millionar til mogleg ny padelhall på Nore Neset
13. mai 2026
Fana Sparebank ønskjer å bidra med 8 millionar kroner til etablering av ein ny padelhall på Nore Neset, dersom prosjektet blir vedteke. Anlegget er planlagt som ein del av Folkehelseparken, og vil få namnet Fana Sparebank Arena.
Pressemelding i samarbeid med Nore Neset IL. Bildet viser ei konseptskisse av mogleg ny padelhall.
Nore Neset Idrettslag har starta arbeidet med å utgreie etablering av ein ny innandørs padelhall med fire baner på Nore Neset. Prosjektet er planlagt som eit påbygg til Nore Neset Arena, og vil bli ein del av vidareutviklinga av Folkehelseparken.
– Dette er eit prosjekt som vil bety mykje for lokalsamfunnet. Vi ønskjer å leggja til rette for aktivitet, fellesskap og meistring for endå fleire – på tvers av alder og nivå, seier Eirik André Hesthamar, dagleg leiar i Nore Neset Idrettslag.
Fana Sparebank ønsker å bidra med 8 millionar kroner til prosjektet, føreset at det blir endeleg vedteke og realisert.
– Å vere med og realisere dette betyr mykje for oss. Nore Neset Idrettslag legg ned eit imponerande arbeid for å skape fellesskap der alle kan kjenne seg heime. Padel er blitt ein sosial folkesport, og denne satsinga blir eit fantastisk løft til glede for mange, seier Lisbet K. Nærø, direktør i Fana Sparebank.
Padel heile året
Padel er ein lågterskel idrett som har hatt sterk vekst dei siste åra. Sporten gir rask meistring, og legg til rette for aktivitet på tvers av generasjonar.
Bjørnafjorden står no utan eit innandørs padeltilbod etter at dørene på padelhallen på Ulven vart stengde i januar 2026. Idrettslaget meiner derfor tidspunktet er riktig for å utgreie eit nytt heilårstilbod.
Folkehelseparken er i dag eit samla aktivitetsområde midt i oppvekstsenteret på Nore Neset, med mellom anna to fleirbrukshallar, to kunstgrasbaner, e-sportrom og utandørs padelbaner, i tillegg er det sykkelbane for barn og ei tur- og joggeløype for alle generasjonar.
– For banken handlar det om mykje meir enn eit nytt bygg, det handlar om menneske, inkludering og trygg tilhøyrsle. Nore Neset idrettslag viser i praksis kva sosial berekraft betyr, og det er meiningsfullt for oss å støtte dette arbeidet, seier Ann Kristin Thue Tveit, direktør for personmarknad i Fana Sparebank.
Vegen vidare for prosjektet
For å arbeide vidare med prosjektet, er det sett ned ei eiga gruppe som skal jobbe fram eit ferdig beslutningsgrunnlag fram mot sommaren.
Prosjektet vil deretter bli lagt fram for behandling i eit ekstraordinært årsmøte i Nore Neset Idrettslag.
Dersom prosjektet blir vedteke, vil padelhallen bli eigd og driven av Nore Neset Idrettslag, og inngå som ein del av vidareutviklinga av Folkehelseparken Nore Neset.